UDI har framleis alle dei gamle søknadene dine og informasjon om deg registrert i systema våre.
Viss du har bestilt ein time, har du framleis denne timen. Viss du ikkje hugsar når timen er, bør du søkje i e-postane dine etter e-postar frå adressa noreply-spn@udi.no eller noreply@udi.no. Då vil du finne e-post frå oss med tidspunkt for timen. Du vil òg finne ein e-post med lenke til sjekklista med dokumenta du skal ha med, og vedlagt følgebrev/cover letter som du skal ha med deg til timen.
Viss du skal levere ein ny søknad, kan du bruke ein annan konto du framleis har tilgang til, eller lage deg ein ny konto.
Viss du allereie har vore hos politiet eller søknadssenteret og levert søknadsdokumenta dine, vil vi behandle søknaden din som normalt.
Du bør alltid prøve å trykke på "Har du gløymt passordet" og velje eit nytt passord, for å sjå om det løyser problemet. Viss ikkje kontoen din finst lenger, vil du få beskjed om at det ikkje er registrert ein konto med denne e-postadressa.
Det kan vere ulike årsaker til at du har mista tilgang til kontoen din: