Informasjon om identitetsavklaringsprogrammet for irakere


Fristen for å delta i programmet for identitetsavklaring er no/nå gått ut.

Publisert: 23.09.2022 - Sist endra: 30.11.2022

Irakarar som har opphaldsløyve i Noreg på trass av kjend identitetstvil, og som øynskjer å bli norske statsborgarar, kunne fram til 1. september 2020 søkje om å delta i eit program for identitetsavklaring. Det er dessverre ikkje lenger mogleg å søke om å delta i programmet.  

Status  

Per 1. desember 2022 har 362 deltakarar i programmet fått verifisert identiteten sin, og dei fleste av desse har fått ferdigbehandla søknaden sin om norsk statsborgarskap. Det gjenstår å få verifisert 283 saker.  

Vi vil oppdatere denne informasjonen den 1. kvar månad framover.  

Regjeringa opplyser på nettsidene sine 11. november (ekstern nettstad) at dei er opptekne av å fullføre identitetsavklaringsprogrammet så raskt som mogleg. Justis- og beredskapsdepartementet uttaler at dei tek sikte på at identitetane som står att å verifisere blir avklarte i første halvår 2023. 

Det er mange som kontaktar oss og spør om si sak

Sjølv om arbeidet med verifikasjonane tar lang tid, opplever vi at fleire saker blir verifiserte enn tidlegare. Det er likevel eit faktum at det har gått lang tid sidan programmet starta, og det er derfor mange som kontaktar oss og spør om status og fraemdrift i saka si. Vi har stor forståing for at den lange ventetida er krevjande for deg som deltar i programmet. Vi er òg klar over at det skaper praktiske utfordringar, mellom anna med legitimering, Bank-ID og reiser til utlandet.  

Sidan det er sjølve verifikasjonen som tar lang tid, og vi ikkje kan gi detaljert informasjon om verifikasjonsprosessen og korvar lang tid han vil ta, er det vanskeleg for oss å gi tilfredsstillande svar på kovar lenge du må vente. Vi beklagar dette.  

Det er ikkje nødvendig at du kontaktar oss eller purrar på saka, då vi ikkje kan gi deg meir informasjon enn den du kan lese her. Vi vil kontakte deg viss vi treng fleire dokument frå deg eller så snart saka di er ferdig.  

Kven kunne søkje om å vere med i programmet?  

Alle punkta i lista under måtte vere oppfylt for å kunne søkje om å vere med i programmet.    

Programmet var for deg som: 

  • er irakisk borgar, og   
  • fekk opphaldsløyve før 31. desember 2010 sjølv om vi visste at det var tvil om identiteten din, og    
  • har opphaldsløyve på anna grunnlag enn behovet for vern (asyl), og  
  • er folkeregistrert i det kurdiske sjølvstyreområdet (KRG) eller Kirkuk, og  
  • har irakisk ID-kort som viser familienummeret ( ditt eige, eller til din fars, brors eller ektefelles dersom paret er registrert som gift i folkeregisteret i KRG eller Kirkuk), og  
  • enno ikkje hadde fått innvilga norsk statsborgarskap, og  
  • søkte om statsborgarskap seinast 1. september 2020  

 Det var mogleg å søkje både viss du hadde søkt om norsk statsborgarskap før og fått avslag, og viss du ikkje hadde søkt om norsk statsborgarskap tidlegare. 

  • Hvem kunne søke om å være med i programmet?

  • Hvem kunne ikke søke om å være med i programmet?

  • Du kan ikke reise ut av Norge mens du venter på å få endret identiteten din

  • Hva skjer etter at du har søkt?

  • Hvor lenge må du vente?

  • Hvilke konsekvenser vil det ha for deg hvis identiteten din blir avklart og endret?

  • Har du vært med i pilotprogrammet?

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?