Kor lenge du kan vere i Noreg for å leite etter ny jobb, er avhengig av kor lenge du har arbeidt i Noreg.
Dersom du er EU/EØS-borgar og har vore arbeidstakar i Noreg i mindre enn eitt år, kan du halde fram med å bu i Noreg og søkje etter ny jobb i seks månader. Du kan ikkje ha sagt opp jobben sjølv og du må ha meldt deg hos NAV som arbeidssøkjande (ekstern nettside).
Du treng ikkje melde frå til UDI eller politiet om at du har blitt arbeidsledig.
Dersom du er EU/EØS-borgar og har vore arbeidstakar i Noreg i minst eitt år, kan du halde fram med å bu i Noreg og søkje etter ny jobb så lenge du vil. Du kan ikkje ha sagt opp jobben sjølv og du må ha meldt deg hos NAV som arbeidssøkjande (ekstern nettside).
Du treng ikkje melde frå til UDI eller politiet om at du har blitt arbeidsledig.
Dersom du er ein EU/EØS-borgar og har vore arbeidstakar i Noreg i minst fem år, kan du søkje om varig opphaldsrett. Det gir deg rett til å opphalde deg og arbeide i Noreg på ubestemt tid.
Du kan søkje når som helst etter at du har vore her i fem år – også dersom du har vore, eller no er, arbeidsledig.
Tid då du har vore meldt som arbeidsledig hos NAV, og har hatt rett til dagpengar, kan også telle med i dei fem åra du må ha budd i Noreg. Reglane for dette er slik: