Informasjon til deg som har søkt om au pair-løyve


Koronasituasjonen gjer at UDI vil prioritere søknadene til dei som har moglegheit til å reise inn til Noreg no.

Published: 22.07.2020

Regelendringane frå 15. juli opnar opp for at utlendingar som er busette i EU/EØS- eller Schengenland kan reise inn til Noreg no. UDI vel derfor å prioritere au pair-søknader der søkaren er i EU/EØS- eller Schengenland.

Det er sannsynleg at det vil ta lengre tid enn normalt å få svar på au pair-søknader for personar som er i eit land utanfor EU/EØS og Schengenland. På grunn av koronasituasjonen har ikkje denne gruppa moglegheit til å reise inn til Noreg no. Vi veit ikkje når reglane for innreise vil endre seg.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?