Informasjon til deg som har søkt om au pair-løyve


Alle utlendingar som har rett til innreise etter utlendingsloven kan reise inn i Noreg frå 26. november 2021. UDI vil derfor igjen begynne å behandle søknader om au pair-løyve.

Publisert: 14.12.2021

Vi har mange ubehandla søknader som følgje av koronapandemien. Når UDI tek opp behandlinga av søknadene, vil vi behandle dei eldste sakene først. Vi har på nåverande tidspunkt ikkje informasjon om kor lang tid det vil ta å få behandla alle sakene. Vi oppdaterer guiden til ventetider når vi har meir informasjon om dette. Vi vil ikkje kunne gi meir informasjon om ventetidene dersom du kontaktar rettleiingstenesta vår.

Dersom du har levert ein søknad om au pair-løyve før 1. juni 2021 og ventar på svar nå, oppfordrar vi deg til å sende inn ein oppdatert kontrakt om kulturutveksling (pdf, 782 kB) og oppdatert spørreskjema som skal fyllast ut av au pairen. Du kan laste opp desse dokumenta på nettsida til UDI. Dersom desse dokumenta ligg i saka di når vi skal behandle ho, får du raskare svar på søknaden.

I tillegg behandlar vi søknadene som er leverte i EU/EØS/Schengen parallelt med dei eldste sakene. Dersom du har levert søknaden din i EU/EØS/Schengen, finn du informasjon i guiden vår til ventetider.

Viss du har fått opphaldsløyve som au pair før eller under pandemien og treng innreisevisum for å reise til Noreg

Viss du har fått opphaldsløyve før eller under pandemien og nå treng innreisevisum for å reise til Noreg og starte opphaldet som au pair, må du sende inn ein oppdatert kontrakt om kulturutveksling (pdf, 782 kB) og oppdatert spørreskjema som skal fyllast ut av au pairen. UDI treng denne informasjonen for å ta stilling til om du framleis oppfyller vilkåra for å reise inn til Noreg og vere au pair.

Viss du har eit gått ut opphaldsløyve i eit anna land og ventar på å få reise til Noreg

Dersom du har eit utgått opphaldsløyve i eit anna land, kan ikkje UDI bestemme at du har lov til å vere i dette landet medan du ventar på å kunne reise inn i Noreg. I utgangspunktet må du reise tilbake til heimlandet ditt viss du ikkje lenger har eit gyldig opphaldsløyve i eit anna land. Du må eventuelt undersøkje med styresmaktene i landet du er i om du har lov til å vere der. Dersom du vel å bli i eit land der du ikkje har lov til å vere, gjer du dette på eigen risiko.

Viss du ønskjer å trekkje søknaden din

Viss du ikkje ønskjer å få søknaden din behandla, kan du be om å trekkje saka ved å sende inn ei skriftleg stadfesting. Du kan laste opp stadfestinga på nettsida til UDI. Du vil dessverre ikkje få refundert søknadsgebyret viss du trekkjer søknaden din.

Avvikling av au pair-ordninga

I regjeringsplattforma står det at den nye regjeringa vil avvikle au pair-ordninga. Vi har ikkje meir informasjon om dette enda.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?