Informasjon til dere som skal delta på Norway Cup og trenger visum


Dersom de skal delta på fotballcupen Norway Cup og treng visum for å besøke Noreg, må de hugse å søkje i god tid.

Published: 08.04.2019

Laget dykkar må vere påmeld til Norway Cup før de søkjer om visum. For meir informasjon og påmeldingsfrist, sjå Norway Cup si nettside (ekstern nettstad). Hugs at spelarane på laget må vere i rett alder for den klassa de er påmelde i Norway Cup.

Når må de søkje?

For å vere sikre på at de får svar på visumsøknadene i tide, bør de levere søknadsdokumenta på søknadssenteret eller ambassaden minst to månader før de skal reise. Hugs at det kan vere ventetid på å få time for å levere søknaden.

Korleis søkjer de?

For å søkje må alle deltakarane fylle ut eit søknadsskjema og møte opp personleg på eit søknadssenter eller ein ambassade. Sjå UDI sin informasjon om krava til å søkje, korleis de søkjer og kor de skal møte opp i dykkar land. I nokre land skal de møte på ambassaden til eit anna Schengen-land.

Kva slags dokument må de levere?

ambassadane sine sjekklister finn de informasjon om kva slags dokument de må levere for å søkje om visum.

I tillegg til dokumenta på lista må de levere:

  • eit dokument som viser namnet på fotballaget og namn og alder på alle spelarane, lagleiarane og trenarane
  • eit dokument som viser kva for liga/divisjon laget dykkar speler i, eller eit dokument som viser kva slags organisasjon (til dømes FN) de er støtta av 
  • invitasjonsbrev frå Norway Cup
  • for spelarar under 18 år: fødselsattest eller eit anna dokument som viser namna til faren din og mora di
  • for spelarar under 18 år: eit samtykke frå foreldra dine eller andre som har foreldreansvar for deg. Vi anbefaler dykk å bruke UDI sitt samtykkeskjema for Norway Cup (pdf, 518 kB). NB! Skjemaet skal vere attestert av notarius publicus. (Viss det ikkje er mogeleg å få attestert dokument av notarius publicus i heimlandet ditt, vil vi gjere unnatak frå kravet til attestering.) Du må også levere kopi av passet til begge foreldra dine eller dei som har foreldreansvar for deg.
  • dersom du er lagleiar eller trenar: eit dokument som viser rolla di i fotballaget du skal reise med.
  • viss du skal vere dommar eller observatør: dokument som viser erfaringa di som dommar eller observatør.

Skal supporterar eller familiemedlemmar vere med til Noreg?

Familiemedlemmar og andre supporterar som ønskjer å reise til Noreg i forbindelse med Norway Cup må søkje om besøksvisum som vanlege turistar. Søknadene blir behandla separat frå deltakarane sine søknader.

Skal fotballaget dykkar på ei anna turnering i Schengen-området før Norway Cup? 

Dersom fotballaget dykkar skal delta på ein annan cup i Schengen-området før Norway Cup, til dømes Gothia Cup eller Dana Cup, skal de søkje om visum til det landet de skal reise til først. Husk å be om visum for Norway Cup samtidig. 

 

 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?