Informasjon til sesongarbeidarar frå land det er vanskeleg å returnere til


Informasjonen gjeld for sesongarbeidarar som kjem frå land der det ikkje går kommersielle fly no på grunn av koronasituasjonen.

Publisert: 14.10.2020

Dette gjeld for følgande land:

Når du er ferdig å jobbe i Noreg må du returnere til heimlandet ditt. UDI vurderer derfor om det er sannsynleg at du returnerer. På grunn av koronasituasjonen går det ikkje ordinære fly til heimlandet ditt no. Fordi det er så vanskeleg å reise tilbake blir det ikkje gitt løyve til sesongarbeidarar frå landa som er lista over som skal jobbe i Noreg no i haust, viss søkaren er i utlandet.

UDI har fått beskjed om at søknader om opphaldsløyve for sesongarbeidarar (for sesongen 2021) ikkje skal ligge på vent hos UDI til det kanskje skjer endringar i flytrafikken og innreiserestriksjonene til dei aktuelle landa. Du kan lese meir om instruksen frå Arbeids- og sosialdepartementet her; Instruks om behandling av søknader om sesongløyve frå borgarar av land det er vanskeleg å returnere til under covid-19-pandemien (ekstern nettstad)

Dette inneber at søknader om opphaldsløyve for sesongarbeidarar frå desse landa vil bli avslått fordi returføresetnadene ikkje er oppfylte, grunna praktiske hindringar i samband med pandemien.

Du kan trekke tilbake søknaden

Viss du allereie har søkt frå utlandet og ikkje fått svar enno, kan du trekke søknaden.

Viss du vil trekke søknaden må du eller fullmektig først sende eit signert brev til UDI der du ber om at søknaden blir lagd bort. Brevet kan lastast opp på nettsida vår.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?