Koronarelatert arbeid i helse- og omsorgssektoren


Justis- og beredskapsdepartementet har vedteke ei ordning der du kan få unntak frå avgrensingar i retten til å arbeide i Noreg viss du utfører arbeid i helse- og omsorgssektoren som er relatert til koronasituasjonen.

Published: 08.12.2020

Unntaket gjeld frå 7. desember 2020 til 31. mai 2021.

Du kan arbeide utan dei avgrensingane som gjeld i opphaldsløyvet ditt eller utan å ha opphaldsløyve dersom

  • Du har lovleg opphald i Noreg
  • Du er autoriserte helsepersonell
  • Du skal arbeide i helse- og omsorgssektoren (dette omfattar ikkje apotek)
  • Arbeidet er koronarelatert
  • Du får lønn og har arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale i helse- og omsorgssektoren
  • Arbeidet føregår i perioden frå 7. desember 2020 til og med 31. mai 2021

Du treng ikkje godkjenning frå UDI før du byrjar å arbeida så lenge krava over er oppfylte. 

Ta vare på arbeidskontrakten og andre dokument som viser at du er innanfor ordninga. Dokumenter dette når du søker om fornying av opphaldsløyvet ditt, søker om permanent opphaldsløyve eller når du forlèt Noreg.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?