Nytt krav til botid for permanent opphaldsløyve


Enkelte personar må ha budd fem år i Noreg for å få permanent opphaldsløyve. Det har Stortinget bestemt.

Published: 10.12.2020 - Last changed: 18.12.2020

Nytt krav om fem års botid gjeld for deg som:

  • har opphald etter søknad om vern (asyl)
  • har vern fordi du er familiemedlem til ein flyktning (avleidd asyl)
  • kjem til Noreg som overføringsflyktning
  • har opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn
  • har familieinnvandring med nokon av gruppene over

NB! Det er framleis krav om tre års botid viss du har opphaldsløyve på grunn av familieinnvandring og den du har fått familieinnvandring med (referansepersonen) enten

  • har permanent opphaldsløyve eller
  • er norsk statsborgar

Viss du har fått vern (avleidd asyl) etter at du fekk familieinnvandring, er det krav om fem års botid sjølv om referansepersonen har permanent opphald eller er norsk

Endringane gjeld frå 1. desember 2020. Endringane gjeld ikkje deg som seinast 1. desember 2020 allereie hadde tre års botid for permanent oppholdsløyvet, så lenge du søkte seinast 1. februar 2021.

Viss du fylte kravet til tre års botid seinast 1. desember 2020, er det nok at søknaden om permanent opphald vart registrert i søknadsportalen før 1. februar 2021 og at du val første ledige time hos politiet for levering av søknaden. På grunn av avgrensa kapasitet hos politiet i samband med koronasituasjonen, er det greitt at den første ledige timen du får hamnar på datoar etter 1. februar. I nokre politidistrikt skal du ikkje bestille time for å levere søknad om permanent opphaldsløyve, men vente på beskjed frå politiet og deretter laste opp dokumenta dine digitalt. Også då er det nok at søknaden vart registrert på nett seinast 1. februar 2021, sjølv om politiet kontaktar deg etter 1. februar. På politiet.no (ekstern nettstad) finn du informasjon om kva som gjeld i tilfellet ditt.

For å få permanent opphaldsløyve må alle krav vera oppfylt når vi ser på søknaden din. Vi tilrår derfor at du ikkje søker om permanent opphaldsløyve viss det er lenge til du fyller krava, men heller søker fornying av opphaldsløyvet ditt

Viss du ikkje har hatt tre års botid for permanent opphaldsløyve i Noreg, den 1. desember 2020, vil kravet om fem års botid gjelde deg, viss du er i gruppene lista ovanfor. Det gjeld òg søknader som er registrerte før 1. desember 2020 og søknader som allereie er til behandling.

For alle andre enn gruppene lista ovanfor gjeld framleis krav om tre års botid for å få permanent opphaldsløyve.

Her kan du lese meir om kva krav som gjeld for permanent opphaldsløyve

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?