Lågare gebyr for ektefellar, sambuarar og foreldre til flyktningar


Gebyret for å søkje familieinnvandring har no blitt sett ned til 7800 kr for ektefellar, sambuarar og foreldre til flyktningar som skal søkje om familiegjenforeining.

Published: 01.04.2020

Kven skal betale det nye gebyret?

Gebyret på kr 7 800 gjeld berre når

  • familiemedlemmen i Noreg har fått opphaldsløyve etter å ha søkt om asyl, og
  • familiemedlemmen i Noreg ikkje har fått permanent opphaldsløyve enno

Det gjeld berre for desse typane familiemedlemmer:

  • ektefellar som gifta seg før den eine reiste til Noreg
  • ektefellar som har barn som er fødde eller unnfanga før den eine ektefellen reiste til Noreg
  • sambuarar som har budd saman i minst to år
  • sambuarar som har barn som er fødde eller unnfanga før den eine sambuaren reiste til Noreg
  • foreldre til barn under 18 år som er flyktningar i Noreg
  • einsleg forelder over 60 år som har eit barn over 18 år i Noreg

Når gjeld endringa frå?

Det nye gebyret gjeld for dei som byrjar å fylle ut søknadsskjemaet etter 1. april 2020. Viss du allereie har byrja å fylle ut eit skjema, bør du slette dette og byrje på eit nytt skjema.

Viss du allereie har betalt, kan du ikkje få tilbake dei ekstra pengane.

Viss du ikkje har levert søknadsdokumenta dine på søknadssenteret enno, kan du vurdere å trekke søknaden din og få tilbake gebyret du har betalt og så søkje på nytt. Då må du passe på at du likevel rekk å registrere det nye skjemaet innan seks månader etter at personen i Noreg fekk asyl. Viss ikkje, vil du få avslag på søknaden din viss familiemedlemmen i Noreg ikkje har høg nok inntekt.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?