Lurer du på om søknaden din blir ferdig før sommaren?


Mange ringer oss og lurer på om søknaden deira blir ferdig før sommarferien. Søknaden din kan dessverre ikkje gå først i køen sjølv om du har lagt planar for ferien. 

Published: 13.05.2015 - Last changed: 06.11.2018

Informasjon til deg som ventar på svar på søknaden din 

Det er våre vanlege ventetider som gjeld. Vi oppdaterer informasjonen om ventetider kvar månad.  

Det skal heilt spesielle forhold til for at saka di kan komme først i køen. Søknaden din kan dessverre ikkje komme først i køen sjølv om du ønskjer å få svar før sommaren, eller har planlagt å reise i ferien.

Informasjon til deg som har fått opphaldsløyve 

Dersom du har fått opphaldsløyve, og oppheld deg i Noreg, må du bestille time hos politiet for å få opphaldskort (ekstern nettstad). Ver merksam på at det vanlegvis vil ta ti dagar frå du har møtt hos politiet til du får opphaldskortet ditt i posten. Det kan også vere ventetid før du du får time hos politiet. Dette er viktig å hugse på dersom du skal planleggje ei reise.

Dersom du har fått opphaldsløyve, og treng visum for å reise inn i Noreg, vil ambassaden som har ansvaret for søknaden din gi deg innreisevisum. Det varierer frå land til land kor lang tid det tar før ambassaden eller søknadssenteret tar kontakt med deg, og du får innreisevisumet ditt til Noreg. 

 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?