Mange som har opphaldsløyve kan reise inn til Noreg no


Dei fleste som har fått opphaldsløyve kan reise til Noreg no. Her er ei oppsummering av kven som kan reise inn.

Published: 30.06.2020 - Last changed: 03.07.2020

Tidlegare har dei fleste som har fått opphaldsløyve etter koronautbrotet og som oppheld seg i utlandet, ikkje kunna reisa inn til Noreg. No er reglane endra, slik at dei fleste som får eller har fått eit opphaldsløyve, har lov til å reise til Noreg. Det same gjeld dei fleste av dei som fekk eit opphaldsløyve før koronautbrotet. Likevel kan det framleis vere at enkelte opplever praktiske problem med å reise inn til Noreg, fordi søknadssenter i ein del land er stengde.

Dei fleste kan reise inn til Noreg

Du kan reise inn til Noreg viss du har:

  • eit familieinnvandringsløyve med ein norsk borgar eller med ein utanlandsk borgar busett i Noreg
  • opphaldskort for familieinnvandring med ein EØS-borgar
  • opphaldsløyve etter reglane om arbeidsinnvandring, inkludert til dømes løyve som faglært og som sesongarbeidar i alle næringar
  • studieløyve

Viss du er i ein av desse gruppene har du lov til å reise inn sjølv om det står i vedtaket at du ikkje har lov til å reise til Noreg no. Viss du har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve, kan du ikkje reise til Noreg.

EU/EØS-borgarar som skal arbeide eller studere i Noreg kan òg reise til Noreg no. Les meir om innreisereglene for EU/EØS-borgarar her.

Fristen for innreise gjeld framleis

I vedtaket og oversendelsesbrevet UDI eller UNE sende deg då du fekk opphaldsløyve, finn du ein frist for når du må ha reist inn til Noreg.

Viss du ikkje kan reise inn før fristen har gått ut, må du kontakte UDI og be om forlengt innreisefrist.

Enkelte kan framleis ikkje reise til Noreg

Viss du fekk opphaldsløyve etter 20. april, og ikkje er blant dei gruppene som er nemnde over, kan du som hovudregel ikkje reise til Noreg no. Viss du har fått vedtak etter 20.april og det står i vedtaket ditt at du kan reise til Noreg, så har du lov til å reisa til Noreg.

Personar som har fått innvilga opphaldsløyve før 20. april 2020

Viss du fekk opphaldsløyve før 20. april og er visumfri, kan du reise inn så lenge du kjem før fristen for å reise inn går ut. Dette gjeld uansett kva type opphaldsløyve du fekk. Viss du ikkje får reist inn til Noreg før fristen for å reise inn går ut, kan du sende oss eit brev eller kontakte oss og be om at fristen for å reise inn blir forlengt. Dette gjeld òg viss du har eit gyldig opphaldsløyve i eit anna Schengen-land, eller viss du har eit gyldig Schengen-visum.

Viss du har eit innreisevisum, kan du reise inn til Noreg så lenge innreisevisumet er gyldig. Viss du ikkje får reist inn til Noreg før innreisefristen løpar ut, kan du sende oss eit brev eller kontakte oss og be om at fristen for å reise inn blir forlengt. Det vil stå i tilbakemeldinga til deg og til ambassaden du søkte frå om du kan få forlenging av innreisefrist, og om du kan reise til Noreg med ein gong eller om du må vente med å reise inn.

Viss du har eit opphaldsløyve, men ikkje har fått innreisevisum endå, kan du få innreisevisum viss du er i ei av gruppene som er nemnde i kulepunkta øvst på denne sida. Viss du ikkje er i ein av desse gruppene, vil du som hovudregel ikkje få innreisevisum no.

For deg som treng visum for å reise inn til Noreg

  • Du får innreisevisum av utanriksstasjonen, UDI kan ikkje gi deg det.
  • Viss du allereie har eit innreisevisum i passet ditt, kan du reise inn til Noreg så lenge visumet er gyldig.
  • Viss søknadssenteret (VFS-kontoret) der du leverte søknaden din er stengd, vil du ikkje få innreisevisumet ditt no. Sjølv om du har lov til å reisa til Noreg, må du vente til VFS-kontoret opnar igjen.
  • For informasjon om VFS-kontoret er ope eller ikkje, sjå www.vfsglobal.com (ekstern nettstad). Sjå òg informasjon om opningstider på heimesida til utanriksstasjonen som har tatt imot søknaden din, sjå norway.no (ekstern nettstad).
  • Sjølv om VFS-kontoret er ope, kan det likevel ta noko tid før du får innreisevisumet ditt fordi enkelte utanriksstasjonar framleis har avgrensa kapasitet. Hugs at det òg kan vera noko sendingstid mellom utanriksstasjonen og VFS-kontoret.
  • Viss passet ditt er hos utanriksstasjonen, vil du få det tilbake på den måten du avtala med søknadssenteret (VFS).
  • Viss utanriksstasjonen ikkje har passet ditt, må du kontakte VFS-kontoret for å levere det og for å få innreisevisum (når VFS-kontoret opnar igjen). Du kan ikkje sende passet ditt til utanriksstasjonen direkte.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?