Nasjonalitetskokkar skal søkje om ny type opphaldsløyve


Tidligare har det vore ein eigen type opphaldsløyve for «nasjonalitetskokkar». Frå 1. april skal alle typar kokkar søkje om vanleg opphaldsløyve som faglært med arbeidsgivar i Noreg.

Published: 18.03.2019

Du som skal søkje om opphaldsløyve som kokk for fyrste gong

Norske styresmakter har bestemt at det ikkje lenger skal vere ein spesiell type opphaldsløyve for nasjonalitetskokkar (kokkar som jobbar på ein restaurant som tilbyr mat frå berre eitt land). Dersom du skal arbeide som kokk i Noreg, skal du derfor no søkje om vanleg opphaldsløyve som faglært med arbeidsgivar i Noreg, uansett kva slags restaurant du skal jobbe på.

Dette vil gjelde for deg viss du leverer søknadsdokumenta dine på eit søknadssenter, ein ambassade, hos politiet eller hos SUA 1. april eller seinare.

Etter det skal du altså søkje om eit opphaldsløyve som faglært med arbeidsgivar i Noreg viss du skal jobbe som kokk i Noreg.

Dersom du leverte søknadsdokumenta før 1. april, vil vi behandle søknaden din etter dei gamle reglane for opphaldsløyve for nasjonalitetskokk.

Du som skal søkje om å fornye eit opphaldsløyve for nasjonalitetskokk

Dersom du allereie har eit opphaldsløyve for nasjonalitetskokk, kan du fortsatt søkje om å fornye det etter 1. april. Du bør søkje tre månader før det noverande opphaldsløyvet går ut.  

For å få fornya opphaldsløyvet ditt må du ha same stilling, restaurant og arbeidsgivar som førre gong du søkte. Viss du får fornya opphaldsløyvet, vil du få eit opphaldsløyve som faglært med arbeidsgivar i Noreg. Med dette opphaldsløyvet kan du fortsette å jobbe som kokk i Noreg.

Dersom du har bytta stilling, restaurant eller arbeidsgivar, må du søkje om opphaldsløyve som faglært med arbeidsgivar i Noreg i staden for å søkje om fornying.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?