Ny 24-årsgrense for dei som skal gifte seg


Frå og med 20. april 2018 blei det innført eit nytt krav for dei som skal søkje om opphaldsløyve for å gifte seg i Noreg (også kjend som trulovavisum). Begge dei trulova må ha fylt 24 år.

Publisert: 17.01.2017 - Sist endra: 12.06.2018

Dette gjeld for trulova som har levert søknadsdokumenta hos politiet, ambassaden, konsulatet eller søknadssenteret 20. april 2018 eller seinare.

24-årsgrensa blei innført for ektefellar og sambuarar 1. januar 2017. No gjeld den altså også for dei som søkjer om opphaldsløyve for å gifte seg i Noreg. 

Det er Stortinget og regjeringa som har bestemt det nye kravet.

Les meir om det nye kravet og kven som kan få unntak.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?