Ny farge på reisedokument


Fleire reisedokument har nytt design og farge frå 19. oktober 2020. Reisedokument som er utskrivne før denne datoen er gyldige fram til utløpsdatoen som står på reisedokumentet.

Published: 21.10.2020

I samband med overgangen til dei nye norske passa, har det kome nye utlendingspass og reisebevis for flyktningar. Reisedokumenta har ny design, i tråd med dei norske passa.

Sjølv om det er kome ein ny versjon av reisedokumentet, er det ikkje nødvendig for dei som har gyldig reisedokument å søke om eit nytt. Dokumentet er gyldig til utløpsdato, og er framleis eit godt og sikkert reisedokument.

Utsjånad på dei nye reisedokumenta

Fargen på reisedokument som er utskrivne etter 19. oktober 2020 er endra.

  • Reisebevis for flyktningar vil framover vere blå. Tidlegare har desse vore grøne.
  • Utlendingspass vil framover vere grå. Tidlegare har desse vore blå.

Hugs at sjølv om du har eit reisedokument som er utskrive før 19 oktober 2020, så vil dette framleis vere gyldig heilt til utløpsdatoen som står i reisedokumentet.

Her er ei oversikt over dei ulike reisedokumenta som finst i Noreg.

Nye norske pass

Politiet har lansert ein ny versjon av det norske passet (ekstern nettstad). Men du treng ikkje søke om nytt pass viss det du har framleis er gyldig.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?