Side om arbeidsinnvandring på Facebook


Arbeidseininga til UDI har ei eiga side på Facebook der arbeidstakarar og arbeidsgivarar kan stille spørsmål om regelverket for opphaldsløyve.

Published: 30.12.2015

Kva type spørsmål kan du få svar på?

På Facebooksida (ekstern nettstad) kan du få svar på spørsmål om

  • regelverk for personar frå land utanfor EU/EØS som vil søkje om opphaldsløyve for å arbeide i Noreg
  • regelverk for å tilsette utanlandske arbeidstakarar
  • regelverk for EU/EØS-borgarar som ønskjer å arbeide i Noreg
  • korleis søkje om opphaldsløyve for å arbeide i Noreg

Du vil få svar av ein saksbehandlar ved Arbeidseininga i UDI seinast innan to arbeidsdagar.

Husk at på Facebook kan alle lese det du skriv.  Du må derfor ikkje leggje ut sensitive personopplysningar om deg sjølv eller andre. 

Gå til Facebook-sida for å skrive spørsmålet ditt (ekstern nettstad).

Har du spørsmål om en søknad?

Dersom du har spørsmål om ein søknad som blir behandla av UDI, må du ringe oss eller fylle ut eit kontaktskjema på nettsidene våre

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?