To søknadsfrister for deg som skal søkje om familieinnvandring med ein flyktning i Noreg


Du må passe på to fristar når du skal søkje om familieinnvandring med ein person som har fått vern (asyl). Fristane handlar om kva tid du må registrere og kva tid du må levere søknaden din.

Published: 30.06.2017 - Last changed: 04.02.2018

Er du ektefelle til, sambuar med eller barn av ein person som har fått vern i Noreg, kan du få familiegjenforening i Noreg utan at vi stiller krav til inntekta til denne personen. Dette gjeld likvel berre dersom du søkjer innan fristane. 

Du må passe på to fristar

  • Innan seks månader etter datoen som står i vedtaksbrevet om at familiemedlemmen din har fått vern, må
  • Innan eitt år etter datoen som står i vedtaksbrevet familiemedlemmet ditt fekk, må
    • du møte opp ved ein norsk utanriksstasjon eller søknadssenter og levere inn alle søknadsdokumentene dine der

Hugs at søknaden først er levert når du møter opp og leverer inn dokumenta.

Dersom du ikkje søkjer innan desse fristane, må familiemedlemmen din i Noreg ha god og stabil inntekt for at søknaden din skal kunne godkjennast

Dersom personen som bur i Noreg fekk vern før 1. august 2017 er det eigne reglar.