Nye reglar for faglærde arbeidstakarar som har arbeidsgivar i Noreg og skal bytte arbeidsgivar


Alle som har eit opphaldsløyve som faglært arbeidstakar som har arbeidsgivar i Noreg, kan no bytte arbeidsgivar utan å søkje om nytt opphaldsløyve. Du må arbeide i same type stilling, og framleis fylle dei andre krava som gjeld for opphaldsløyvet ditt.

Published: 02.01.2017

Dersom opphaldsløyvet ditt gjeld for éin særskild  arbeidsgivar

Dersom du har opphaldsløyve som faglærd arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg og det står på opphaldskortet ditt at du må arbeide for éin særskilt arbeidsgivar, er det no nye reglar for deg.

Du kan no bytte arbeidsgivar utan å søkje om nytt opphaldsløyve. Du må arbeide i same type stilling som før. Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg, og du må framleis fylle dei krava som gjeld for opphaldsløyve som faglærd arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg.

Dersom du får ein ny jobb der du skal ha ein annan type stilling enn før, må du framleis søkje om nytt opphaldsløyve. Du kan ikkje starte i ein annan type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.

Dersom opphaldsløyvet ditt ikkje gjeld éin særskild arbeidsgivar

Dersom opphaldsløyvet ditt som faglærd arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg ikkje gjeld éin særskild arbeidsgivar, er det ikkje nokon endringar i reglane for deg. Du kan bytte arbeidsgivar utan å søkje om nytt opphaldsløyve, dersom du skal arbeide i same type stilling som før.  Lønns- og arbeidsvilkåra må ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg, og du må framleis fylle dei krava som gjeld for opphaldsløyve som faglærd arbeidstakar med arbeidsgivar i Noreg.

Dersom du får ein ny jobb der du skal ha ein annan type stilling enn før, må du søkje om nytt opphaldsløyve. Du kan ikkje starte i en annan type stilling før du har fått nytt opphaldsløyve.