Nye reglar for praktikantar frå 1. september


1. september 2018 blir reglane for å få opphaldsløyve for å vere praktikant i Noreg endra.

Published: 12.12.2018 - Last changed: 27.03.2019

Det har Arbeids- og sosialdepartementet bestemt. Grunnen til at reglane er endra, er at norske styresmakter ønsker at berre dei som har behov for praktisk opplæring i utdanninga si kan få opphaldsløyve som praktikant. 

Kva er nytt? 

  • Du som skal vere praktikant må ha fylt 18 år når du søker og må ikkje ha fylt 30 år.
  • Du må vere i gang med ein bachelor- eller mastergrad.
  • Du må levere detaljert informasjon frå studiestaden din om utdanninga di, som viser kva for betydning det vil ha for denne utdanninga at du får vere praktikant.
  • Du kan ikkje ha fullført høgare utdanning på same nivå tidlegare.
  • Du kan vanlegvis ikkje ha vore praktikant tidlegare eller ha arbeidd innan same bransje som du no ønsker å vere praktikant i.
  • Du kan få opphaldsløyve som praktikant i opptil seks månader. I heilt spesielle tilfelle kan du få opphaldsløyve for opptil tolv månader. 
  • Du kan ikkje fornye opphaldsløyvet ditt som praktikant.  

Informasjon til deg som skal levere ein søknad om opphaldsløyve som praktikant 

Dersom du leverer søknadsdokumenta til politiet, ambassaden eller søknadssenteret etter 31. august, vil vi behandle den etter dei nye reglane. Det betyr at viss du planlegg å levere ein søknad, må du sjekke at du fyller dei nye krava. 

Dersom du har opphaldsløyve som praktikant i dag, vil det ikkje vere mogleg for deg å søkje om å fornye dette opphaldsløyvet. Viss du ønsker å fortsette å opphalde deg i Noreg når det går ut, må du sjekke om du fyller krava til å søkje om ein annan type opphaldsløyve. 

Dersom du allereie har betalt gebyret i Søknadsportalen, men skal møte opp hos politiet, på ambassaden eller søknadssenteret etter 31. august, vil altså dei nye krava gjelde for deg. Viss du har søkt om fornying, eller har søkt for fyrste gong og ser at du ikkje fyller dei nye krava, kan du velje å trekke søknaden din. Då må du ta kontakt med politiet eller ambassaden der du søkte og be om å få refundert gebyret. 

Informasjon til deg som har levert ein søknad om opphaldsløyve som praktikant før 1. september 

Dersom du har søkt om opphaldsløyve som praktikant (for fyrste gong eller fornying) og har levert søknadsdokumenta hos politiet, ved ambassaden eller søknadssenteret før 1. september, vil vi behandle søknaden din etter dei gamle reglane.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?