Det vil ikkje lenger vere mogleg å fylle ut det gamle søknadsskjemaet på nettsidene til IOM, eller å fylle ut søknadsskjema på papir og sende det til IOM i posten. Alle som skal søkje, må fylle ut søknadsskjema for assistert retur på UDIs nettsider (ekstern nettstad).
Viss du treng hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet, kan du spørje dei som jobbar på asylmottaket,, eller kontakte UDI.
IOM har framleis ansvar for å gi informasjon om moglegheita for å søkje om assistert retur, og å gi rettleiing til deg som skal søkje. Det er òg IOM som bestiller flybillettar og hjelper søkjarane med å skaffe reisedokument.
UDI har framleis ansvar for å behandle søknadene.
Den einaste forskjellen er altså at det nye søknadsskjemaet blir sendt inn elektronisk til UDI i staden for IOM.