Personar som får opphaldsløyve kan ikkje reisa til Noreg no


Dei fleste som får eit opphaldsløyve frå 20. april 2020 og framover kan ikkje reisa inn til Noreg endå på grunn av koronasituasjonen. Nokre få unntak er gitt under.

Published: 22.04.2020

UDI vil igjen kunna behandla søknader om opphaldsløyve frå personar som er i utlandet.  Det har vore eit opphald i behandling av desse sakene i nokre veker på grunn av koronasituasjonen.   

Dei fleste kan ikkje reisa inn til Noreg

Dei fleste som får eit opphaldsløyve frå 20. april og framover kan likevel ikkje reisa til Noreg endå. Dersom du er frå eit visumpliktig land vil du som hovudregel ikkje få eit innreisevisum sjølv om du har fått eit opphaldsløyve. Dersom du reiser til Noreg no vil du kunna bli bortvist på grensa. Dette gjeld òg dersom du kjem frå eit visumfritt land, eller er frå eit visumpliktig land med eit gyldig Schengen-visum eller eit opphaldsløyve i EU

Vi veit endå ikkje når det blir mogleg for dei som får opphaldsløyve å reisa til Noreg. Vi vil legga ut informasjon på udi.no så fort det skjer endringar så vi veit meir.

Enkelte personar vil likevel kunna reisa til Noreg

I enkelte tilfelle kan det givast løyve til innreise no for dei som får eit opphaldsløyve.  Slike tilfelle omfattar:

  • Viss du er under 18 år og vil vera utan nødvendig omsorg dersom du ikkje får reist til Noreg.
  • Viss du er ektefelle eller sambuar av norsk borgar, eventuelt felles barn, og familien har budd saman i eit etablert familieliv i utlandet. 

Det vil stå i vedtaket om opphaldsløyve om du kan reisa til Noreg med ein gong, eller om du må venta med  å reisa inn.

Dersom du har fått beskjed om at du ikkje kan reisa til Noreg og situasjonen din blir endra slik at du no er i gruppa som likevel kan reisa til Noreg, så må du senda eit brev til UDI om dette for å få løyve til innreise.

Personar som har fått innvilga opphaldsløyve før 20. april 2020

Dersom du er visumfri kan du reisa inn så lenge innreisefristen framleis er gyldig. Dersom du ikkje får reist inn til Noreg før innreisefristen spring ut, kan du senda eit brev til UDI eller på annan måte kontakta UDI og be om forlenging av innreisefristen. Dersom du får forlengt innreisefrist av UDI, kan du reisa til Noreg med ein gong. Det gjeld òg dersom du har eit gyldig opphaldsløyve i eit anna Schengen-land, eller om du har eit gyldig Schengen-visum.

Dersom du er visumpliktig og har innreisevisum, så kan du reisa inn til Noreg så lenge innreisevisumet framleis er gyldig. Dersom du har fått utskrive innreisevisum, men ikkje får reist inn til Noreg før innreisefristen spring ut, kan du senda eit brev til UDI eller på annan måte kontakta UDI og be om forlenging. Det vil stå i tilbakemeldinga til deg og den aktuelle ambassaden om du kan få forlenging av innreisefrist, og om du kan reisa til Noreg med ein gong eller om du må venta med å reisa inn. Dei fleste vil få utvida innreisefrist, men likevel ikkje innreisevisum for å reisa inn med ein gong.

Dersom du fekk opphaldsløyve før 20.april 2020, men ikkje har fått innreisevisum endå, vil du som hovudregel ikkje få innreisevisum no. Dersom du er i ei av unntaksgruppene som er nemnde i dei to kulepunkta over og ønsker å reisa inn no, så må du senda eit brev til UDI og be om å få innreise no.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?