Det kan derfor vere vanskeleg å bestille deg time. For nokon typar søknader vil det ikkje vere mogleg å bestille time no.
Viss du må i karantene når du kjem til Noreg (ekstern nettstad) så kan du ikkje booke ein time hos politiet før du har vore ti dagar i karantene. Dette gjeld sjølv om du har fått beskjed om at du skal melde deg for politiet innan ei veke etter innreise.
Viss du er statsborgar av eit land utanfor EU/EØS og skal arbeide før du får oppmøte hos politiet så må du ta kontakt med UDI på telefon eller e-post for å melde frå om at du er i Noreg og at du startar å arbeide. Du må likevel møte hos politiet for å bestille opphaldskort når dette blir mogleg.
Du kan ikkje kontakte UDI for å få time hos politiet.
Viss du har levert ein søknad gjennom Søknadsportalen, kan du følge med i Søknadsportalen til du finn tilgjengeleg time for sakstypen din.
Viss du får ein beskjed om at det ikkje er nokon ledige timar, eller du ikkje ser nokon knapp for å bestille time etter at du har opna søknaden din, så betyr det at det ikkje er nokon ledige timar no, og du må prøva igjen seinare.
På politiet sine nettsider finn du informasjon om kva saker som blir prioriterte hos det næraste politikontoret ditt (ekstern nettstad), og informasjon om kvar du skal møta opp når du får time.
Hugs at du ikkje kan møte opp hos politiet utan ein avtale.
Viss du har søkt om opphaldsløyve kan du bli kontakta av politiet og blir bede om å laste opp dokumentasjon elektronisk i staden for å møte hos politiet. Viss politiet kontaktar deg, skal du alltid følge rettleiinga du får frå politiet. Du kan ikkje kontakte politiet eller UDI og be om å få levere dokumentasjon elektronisk