Sesongarbeidarar som ikkje får returnert til heimlandet sitt


Viss du ikkje får returnert til heimlandet ditt etter at du har hatt opphaldsløyve som sesongarbeidar i Noreg og dette kjem av koronarestriksjonar, så kan du søke om eit nytt opphaldsløyve.

Published: 23.02.2021 - Last changed: 05.03.2021

Du kan få eit nytt opphaldsløyve som sesongarbeidar viss det er store og langvarige hindringar for å reise tilbake til heimlandet ditt på grunn av koronasituasjonen. Det må vere innreiserestriksjoner i landet ditt og stopp i flytrafikken til heimlandet ditt.

Dette gjeld hovudsakleg følgjande land:

Angola, Botswana, Lesotho, Laos, Madagaskar, Myanmar og Vietnam

.

Du kan ikkje få eit nytt opphaldsløyve viss du kjem frå land med kortvarige returproblem. Du vil til dømes ikkje få eit nytt opphaldsløyve som følgje av kostbar flybillettar, nokre få kansellerte flyreiser eller viss det er karanteneplikt i heimlandet ditt.

Krav for å få eit nytt opphaldsløyve som sesongarbeid

  • Det er hindringar, som beskrive over, for å reise tilbake til heimlandet ditt.
  • Du må ha hatt eit opphaldsløyve som sesongarbeidar i 2020.
  • Du må ha eit arbeidstilbod som sesongarbeid i Noreg med heiltidsarbeid og til norske lønns- og arbeidsvilkår.
  • Du må ha ein stad å bu i Noreg.

Viss løyvet ditt har sprunge ut no, så kan du ikkje byrje å jobbe før du har fått innvilga nytt løyve.

Varigheit på opphaldsløyvet

Du kan få opphaldsløyve for opptil 6 månader, men ikkje lenger enn til 30. september 2021. Viss arbeidstilbodet ditt er mindre enn 6 månader, vil opphaldsløyvet ditt gjelde fram til arbeidsforholdet ditt er ferdig.

Løyvet ditt gjeld frå den dagen du får eit opphaldsløyve (den datoen UDI fattar eit vedtak i saka).

Arbeidsgivar må søke om opphaldsløyvet på dine vegne

Det er arbeidsgivaren din som må søka om dette løyvet for deg. Du må gi han/henne fullmakta di. Arbeidsgivar må vidare stadfeste at du framleis oppheld deg i Noreg. Du treng ikkje møte opp hos politiet for å levere søknaden.

Informasjon til arbeidsgivar som skal søke på vegne av ein sesongarbeidar

Slik søker du som arbeidsgivar om nytt opphaldsløyve for ein sesongarbeidar som ikkje får reist heim:

Desse dokumenta må du som arbeidsgivar laste opp og sende inn:

Ventar på svar på søknad om fornying

Viss du eller arbeidsgivaren din har søkt om fornying av opphaldsløyvet ditt som sesongarbeidar som du ikkje har fått svar på endå, og er hindra i å returnere til heimlandet som beskrive over, kan UDI behandle søknaden etter den nye avgjerda.

Arbeidsgivaren din treng ikkje å søke på nytt, men han/ ho må sende inn ei erklæring på at du framleis er i Noreg. Viss det er endringar i arbeidstilbodet frå det som vart levert saman med søknaden, må arbeidsgivaren din òg sende inn eit nytt arbeidstilbodsskjema.

Skjema til arbeidsgivar:

Du kan lese om korleis laste opp og ettersende dokument her.

For at vi skal kunne registrere dokumenta raskast mogleg, må du legge inn kvitteringsnummeret til Søknadsportalen. Kvitteringsnummeret vart sendt på e-post til den personen som registrerte søknaden i Søknadsportalen.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?