Smittevern ved innreise til Noreg


No som fleire kan reise inn til Noreg er det viktig at alle set seg inn i og følger regelverk og tilrådingar om smittevern.

Published: 15.06.2020

Fleire som har fått opphaldsløyve kan reisa til Noreg no, og her finn du oversikt over kven som kan reise inn no.

Viss du er sjuk kan du ikkje reise til Noreg

Merk deg at dersom du er sjuk skal du ikkje reise inn til Noreg no. Dette betyr at dersom du har symptom på luftvegssjukdom (feber, hoste eller tung pust) bør du unngå å reise. Du bør utsetje reisa til etter at du har vorte frisk. Sjå informasjon om symptom på covid-19 på helsenorge.no (ekstern nettstad).

Ved innreise til Noreg må du i karantene

Det betyr at du skal:

Sett deg inn i karantenereglane i Noreg

Viss du har spørsmål om karantene, smittevern eller unntak, sjå informasjon frå helsestyresmaktene på helsenorge.no (ekstern nettstad). UDI kan ikkje svare på spørsmål om karantene eller smittevern.

Fristen for innreise gjeld framleis

I vedtaket og oversendelsesbrevet UDI eller UNE sende deg då du fekk opphaldsløyve, finn du ein frist for når du må ha reist inn til Noreg.

Viss du ikkje kan reisa inn før fristen har gått ut, må du kontakte UDI og be om forlengt innreisefrist.

For deg som treng visum for å reise inn til Noreg

  • Du får innreisevisum av utanriksstasjonen, UDI kan ikkje gi deg det.
  • Dersom du allereie har eit innreisevisum i passet ditt, kan du reisa inn til Noreg så lenge visumet er gyldig.
  • Dersom søknadssenteret (VFs kontoret) der du leverte søknaden din er stengd, vil du ikkje få innreisevisumet ditt frå ambassaden no. Sjølv om innreise til Noreg er tillate for deg, må du vente til VFs kontoret opnar igjen.
  • For informasjon om VFs kontoret er ope eller ikkje, sjå vfsglobal.com (ekstern nettstad). Du kan òg få informasjon om dette på nettsida til utanriksstasjonen som har tatt imot søknaden din, sjå www.norway.no (ekstern nettstad).
  • Sjølv om VFs kontoret er ope, kan det likevel ta noko tid før du får innreisevisumet ditt, fordi enkelte utanriksstasjonar framleis har avgrensa kapasitet.
  • Dersom utanriksstasjonen ikkje har passet ditt, må du kontakte VFs kontoret for å levere inn passet ditt og be om innreisevisum (når VFs kontoret opnar igjen).

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?