Det betyr at sjølv om du leverte søknaden din før 1. januar 2021, så gjeld dei nye krava for deg viss du ikkje har fått svar på søknaden din.
Unntaka frå kravet om sjølvforsørging for deg som er elev i grunnskule- eller vidaregåande opplæring, gjeld no berre dersom du dei siste 12 månadene eller dei siste to semestera har vore elev. Det var tidlegare berre krav om varigheita på skulegangen for studentar i høgare utdanning.
I dei nye reglane er det nærare beskrive kven som får unntak frå kravet. Dei som kan få unntak som elev eller student er:
Unntaket for elevar i vidaregåande opplæring inkluderer òg lærlingar i bedrift som har delteke på undervisning på vidaregåande skule forut for perioden som lærling i bedrift.
For søkarar som er under 25 år (eller som fyller 25 år før 1. juli i år) er det tilstrekkeleg å legge fram stadfesting frå skulen på deltaking dei siste 12 månadene eller dei siste 2 semestera.
Søkarar over 25 år (med unntak av dei som fyller 25 år før 1. juli i år) må enten levere:
Viss du går på skule, er eldre enn 25 år og skulegangen ikkje er ein del av introduksjonsprogrammet eller arbeidsmarknadstiltak, må du fylle krava til inntekt.
Inntektskravet tilsvarer 2,5 G (grunnbeløpet i folketrygda), som for tida utgjer 278 693 kroner før skatt. Satsane blir justerte i mai kvart år. Viss det er inntekta di i 2020 eller 2021 som vil bli vurdert, utgjorde 2,5 G kroner 253 378 i 2020 og kroner 265 998 i 2021.
Viss du ikkje fyller kravet til sjølvforsørging, og heller ikkje er i ei av gruppene som får unntak, bør du vente med å søke om permanent opphaldsløyve og heller søke om fornying av det mellombels opphaldsløyvet ditt.