Publisert: 07.12.2015
- Sist endra: 07.10.2016
Dersom du har ein digital postkasse, slepp du å vente på at brevet frå oss skal kome fram i posten. Du kan spare opptil to vekers ventetid dersom du har ein digital postkasse. Med ein digital postkasse kan du opne brevet ditt frå kvar som helst i verda.
Kva er ein digital postkasse?
- Ein digital postkasse er ein nettstad der du kan logge deg inn og lese brev frå UDI og andre norske styresmakter.
- Ein digital postkasse er trygg. Derfor kan vi sende deg brev der som vi ikkje kan sende på e-post.
- Når du får eit nytt brev i den digitale postkassen din, får du beskjed på SMS eller e-post.
- Meir informasjon om digital postkasse.
Dette må du ha for å få ein digital postkasse
Du kan også logge inn i ID-porten med dei elektroniske ID-ane Buypass (ekstern nettstad) eller Commfides (ekstern nettstad).
Slik får du ein digital postkasse
Når du har oppretta ein digital postkasse, begynner vi og andre offentlege verksemder å sende deg brev til den digitale postkassen din.
Kan du ikkje få digital postakasse?
- Du kan gje fullmakt til ein person som kan få digital postkasse.
- Denne personen kan få vedtaket frå oss i sin digitale postkasse.