Viss opphaldsløyvet eller visumet ditt har gått ut må du reise heim no


Utanlandske borgarar som ikkje fekk reist heim før løyvet, visumet eller det visumfrie opphaldet løp ut på grunn av koronasituasjonen må reise heim. Opphald etter utreisefristen kan medføre bortvisning eller utvising.

Published: 27.08.2020 - Last changed: 25.09.2020

I perioden der koronasituasjonen gjorde det vanskeleg å reise tilbake til heimlandet sitt har UDI ikkje bort- eller utvist utanlandske borgarar som har vore i Noreg utover utreisefristen i løyvet eller visumet sitt.

No som det er praktisk mogleg å reise til dei fleste land igjen, vil UDI følgje opp saker der utanlandske borgarar oppheld seg i Noreg etter utreisefristen sin.

UDI er kjent med at det framleis er vanskeleg å reise til enkelte land.
Sjølv om det no er mogleg å reise til dei fleste land, er det nokre land der dette framleis ikkje lèt seg gjere.

Dersom du har hatt problem med å reise ut av Noreg må du ta vare på dokumentasjon som viser at du har prøvd. Denne dokumentasjonen må du kunne vise fram viss det blir oppretta bortvisnings- eller utvisingssak når du reiser ut av Noreg. Du vil òg trenge denne dokumentasjonen viss du skal søkje om visum for innreise til Noreg på eit seinare tidspunkt. Du skal ikkje sende inn dokumentasjon til UDI no.

Dersom det er umogleg for deg å skaffe flybillettar bør du ta kontakt med ambassaden i landet ditt. UDI har informasjon om at nokre ambassadar set opp fly for å hjelpe eigne innbyggarar heim.

Du treng ikkje å ta kontakt med UDI. Vi kan ikkje gi deg stadfesting på at du kan opphalde deg i Noreg. UDI vil ta omsyn til om det har vore mogleg å reise ut dersom det blir oppretta bort- eller utvisingssak.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?