Årsrapport 2013 Kven besøkte Noreg


I 2013 fekk totalt 184 900 personar besøksvisum for å komme til Noreg og Schengen. Det er 30 prosent fleire enn i 2012.

59 700 russiske og 57 400 kinesiske borgarar stod for til saman nesten to tredjedelar av alle besøksvisum til Noreg og Schengen. Kinesiske borgarar har stått for den største auken i besøksvisum dei siste åra, og auken frå 2012 til 2013 var på heile 82 prosent. For russiske borgarar var auken på 15 prosent frå 2012.

Filippinarar var den tredje største gruppa med 13 000 besøksvisum. 

Prosenten for innvilging av besøksvisum var 96 prosent for alle søknader, mens den var 99,5 prosent for Russland og Kina.

 

Figur: Besøksvisum, sju største land 2013

Besøksvisum 7 største land 2013

 

Vil du hjelpe oss med å forbedre nettsiden?

Fant du det du lette etter?