Krav til biletet
Biletet skal vere best mogleg eigna til å identifisere deg og må tilfredsstille visse krav til utforming og kvalitet. Dersom biletet du legg ved, ikkje oppfyller alle krava, vil du bli bedt om å levere eit nytt.
- Godkjende bilete skal vise heile hovudet (ansiktet skal dekkje 70–80 % av biletet) og toppen av skuldrene.
- Auga skal vere opne og klart synlege, og hår skal ikkje dekkje auga.
- Det er tillate med briller på biletet. Glasa skal ikkje vere farga, innfatninga skal ikkje skjule noko av auga, og det må ikkje vere refleksjon i glasa.
- Det er tillate med religiøse hovudplagg. Føresetnadene er at alle detaljar i ansiktet kjem klart fram. Både haka, panna og begge kinna skal vere synlege. Hovudplagget må heller ikkje kaste skuggar over ansiktet.
Biletet skal i tillegg vere:
- i skarpt fokus, klart og med god kontrast
- trykt på fotopapir av god kvalitet og ha høg oppløysing
- teke rett framanfrå, og mot ein lys bakgrunn
- i fargar
- 35–40 mm breitt
- maksimalt seks månader gammalt, og likne på deg
Illustrasjon av krav til bilete:
Eksempel på ikkje godkjende fotografi:
Eksempel på godkjende fotografi: