For å få prosentvis fleire tilsette med innvandrarbakgrunn bruker UDI moderat kvotering som verkemiddel i tilsetjingsprosessen dersom søkjarar har innvandrarbakgrunn frå visse land.
Prinsippet om at den best kvalifiserte skal tilsetjast, gjeld på vanleg måte også ved bruk av moderat kvotering, men med eit lite tillegg: Dersom du og ein kandidat utan innvandrarbakgrunn står tilnærma likt etter at begge er vurderte, kan du bli føretrekt til stillinga framfor kandidaten utan innvandrarbakgrunn.
Du har innvandrarbakgrunn når begge foreldra dine er fødde i utlandet, same kvar du er fødd.
For at du skal bli omfatta av ordninga, må foreldra dine anten komme frå Asia (medrekna Tyrkia), Afrika, Sør- eller Mellom-Amerika, Oseania (utanom Australia og New Zealand) eller Aust-Europa utanfor EU.
Austeuropeiske land utanfor EU er Albania, Bosnia-Herzegovina, Kviterussland, Kroatia, Makedonia, Moldova, Montenegro, Russland, Serbia og Ukraina.
Når du søkjer på ei stilling, ber vi deg opplyse om innvandrarbakgrunnen din, slik at vi kan avgjere om ordninga er relevant. Meiner UDI at det er rett å bruke ordninga, er det ingen føresetnad at du samtykkjer i at ho blir brukt.
Bruken av verkemiddelet er heimla i diskrimineringslova § 8.
Jobb i UDI?