40 000 søknader om beskyttelse i 2022


Aldri tidlegare har så mange menneske søkt beskyttelse i Noreg. UDI fekk i fjor 40 014 søknader om beskyttelse, samanlikna med 31 150 søknader i 2015. 2022 er derfor eit nytt rekordår.

Publisert: 06.01.2023

Saka er sist oppdatert 02.02.23

34 732 av søknadene i 2022 var frå ukrainarar som ba om mellombels kollektiv beskyttelse. I tillegg var det 363 søknader frå andre nasjonaliteter, slik at det totalt var 35 095 søknader om mellombels kollektiv beskyttelse i 2022. I løpet av året fikk 33 554 personer innvilga kollektiv beskyttelse.

Sjå også: Søknader om beskyttelse etter heimel om massefluktsituasjon (kollektiv beskyttelse) etter statsborgerskap og månad (2022) - UDI.

Auke også frå andre land

Sjølv om Ukraina-krigen er hovudårsaka til dei høge tala, var det også ein sterk auke i ordinære søknader om beskyttelse.

I 2022 fekk UDI totalt 4 919 ordinære asylsøknader, som blir behandla på individuelt grunnlag. Dette talet har ikkje vore høgare sidan Syria-krisa i 2015. Auken er dermed også stor samanlikna med før pandemien: I 2019 var det 2 305 som søkte om beskyttelse – i 2021 var talet 1 656.

Av dei 4 919 som søkte i 2022 var det 1 585 syrarar, medan Afghanistan (509), Eritrea (324) og Russland (283) følgjer på dei neste plassane.

I løpet av året innvilga UDI beskyttelse på individuelt grunnlag til 1 097 personar.

Sjå også: Asylsøknader etter statsborgerskap og månad (2022) - UDI og Asylvedtak etter statsborgerskap og utfall (2022) - UDI

Fleire einslege mindreårige

Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som søkjer beskyttelse på individuelt grunnlag, har også auka stort – frå 181 i 2021, til 694 i 2022. Dette er likevel godt under talet i 2015, då UDI fekk 5 480 søknader frå einslege mindreårige. Dei største søkjarlanda i 2022 var Afghanistan med 379 og Syria med 249.

Sjå også: Asylsøknader frå einslege mindreårige etter søknadsmånad og statsborgerskap (2022) - UDI

Fleire bebuarar i asylmottak

Den store auken i innreiser medførte også at vesentleg fleire budde mellombels på asylmottak i 2022. Ved utgangen av året budde 9 000 personar på asylmottak. Ved utgangen av 2021 var det det akkurat i overkant av 2 000 som budde på mottak.

Sjå også: Bebuarar i asylmottak etter statsborgerskap og måned (2022) - UDI

For ytterligere tabeller, sjå Statistikk og analyse: Statistikk om innvandring - UDI.

Fant du det du lette etter?