5 000 senger til Litauen


Noreg sender sengeplassane for å hjelpa Litauen, etter at mange migrantar har komme over grensa frå Kviterussland.

Publisert: 12.08.2021

I dag torsdag, blir dei siste vogntoga fylt med senger og madrassar og sende til Litauen.

Frå beredskapslager

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fekk i midten av juli ei oppmoding frå Litauen om å få slikt materiell. Køyesengene og madrassane som Noreg sender til landet, utgjer i alt 5 000 sengeplassar.

Dette utstyret vart kjøpt inn av UDI til beredskapsformål under dei store flyktninginnkomstane til Noreg i 2015. Det er ein del av eit ståande lager av telt, senger, madrassar og ullteppe, som er på Sivilforsvaret sitt sentrallager på Starum ved Gjøvik.

Nytt mottakssystem

UDI sin vurdering er at denne donasjonen ikkje vil medføra ei reell svekking av beredskapen ved ein ny masseinnkomst av flyktningar til Noreg. Me har i dag tilstrekkeleg materiell til å setja i verk tiltak etter UDIs beredskapsplan.

UDI held samtidig fram endringane av mottakssystemet i Noreg, slik at det tilpassar seg eit skiftande behov for ordinære mottaksplassar. Me har basismottak i alle regionane i landet, og kan oppretta fleire ved behov. I tillegg skal UDI i haust inngå nye rammeavtalar over heile landet, som er spesielt innretta for å handtera raske endringar i behovet for plassar.

Fant du det du lette etter?