6000 ukrainarar har søkt om elektronisk ID


Hittil har meir enn 6000 ukrainarar søkt om e-ID som gir dei tilgang til offentlege tenester på nett.

Publisert: 03.02.2023

Dette er eit resultat av eit samarbeid mellom UDI, Digdir og Buypass som starta i april i fjor. Produktområdeleiar for tillitstenester i Digdir; Stig Slaatto-Hornnes, påpeikar at dette er eit viktig tiltak med tanke på integrering. Elektronisk ID medfører at mange ting blir mykje enklare for både flyktningane og forvaltninga.

Sidan slutten av februar i fjor har det komme over 38.000 flyktningar til Noreg frå Ukraina. Desse får som gruppe kollektiv beskyttelse. Ukrainarar som kan dokumentere identiteten sin med pass eller andre godkjende ID-dokument, kan bestille og få utlevert ein e-ID gratis. Levering tek tre til fem dagar frå bestilling, og med Buypass ID på mobil får dei full tilgang til alle offentlege tenester på nett, på lik linje med norske statsborgarar.

Det er laget to informasjonsfilmar som forklarer kva som er fordelane med å skaffe seg e-ID, filmar som mellom anna blir formidla via Facebook, til asylmottak og akuttinnkvarteringar og dessutan til kommunar og andre aktørar.

Sjå filmane her: Enklare digital kvardag for ukrainske flyktningar i Noreg | Digdir (eksternt nettsted)

Les meir her:

Om bestilling av eID frå Buypass (Norge.no) (eksternt nettsted)
Bakgrunn: Ukraina-flyktningar får elektronisk ID (eksternt nettsted)

 

Fant du det du lette etter?