Åtte av ti «oktoberbarn» fekk opphald


Etter ei ny vurdering etter nye kriterium har 78 prosent av «oktoberbarna» fått opphald. UDI er no ferdig med å behandle desse sakene.

Publisert: 20.12.2018 - Sist endret: 08.01.2019

Av dei 137 personane som oppfylte Stortingets krav til ny saksbehandling, har 106 fått innvilga opphald på grunn av sterke menneskelege omsyn (eksternt nettsted).

Av dei 106 har 104 ikkje lagt fram identitetsdokument som krevst (utlendingslova §38-5 (eksternt nettsted)). Dei har derfor fått eit løyve som kan bli fornya kvart år fram til dei har levert pass som stadfestar identitetsopplysningane. I mellomtida gir dette løyvet ikkje grunnlag for familiegjenforeining eller permanent opphaldsløyve.

Éin har fått opphald av beskyttelsesgrunnar (eksternt nettsted) og 15 søknader har blitt avslått. 15 saker har også blitt lagt bort undervegs då søkjaren anten ikkje møtte opp eller trekte søknaden.

UDI avviste 262 søknader

Då søknadsfristen gjekk ut i mai 2018, hadde 399 personar søkt. 262 vart avviste ettersom dei ikkje oppfylte Stortingets krav (eksternt nettsted) om at søkjarane:

  • fekk vedtaket mellom 1. oktober 2016 og 1. februar 2018,
  • har fått eit tidsavgrensa opphaldsløyve fram til ein fyller eller fylte 18 år og
  • i siste vedtak har vorte vist til internflukt i heimlandet.

Åtte søkjarar har vorte avviste undervegs i saksbehandlinga då dei hadde fått lovleg opphald i Frankrike. 91 personar søkte etter at fristen gjekk ut. Dei har også fått søknadene sine avvist.

Kven var søkjarane?

Majoriteten av dei søkjarane som UDI har avvist, er frå Afghanistan, men det har også komme søknader frå nokre titals personar frå Eritrea og Etiopia. Personar frå Iran, Syria og Pakistan har også søkt.

Alle dei som hadde rett på ny behandling, kjem frå Afghanistan. UDI har totalt henta 18 afghanarar til Noreg. Dei siste åtte kom fredag førre veke.

Søkjarane kan eventuelt klage inn UDI sin avgjerd til Utlendingsnemnda (UNE) (eksternt nettsted).

Fant du det du lette etter?