Norge evakuerte 860 afghanarar


I den hektiske evakueringa frå flyplassen i Kabul henta Noreg ut om lag 860 afghanarar i august.

Publisert: 01.09.2021 - Sist endret: 02.09.2021

676 afghanarar har fått status som overføringsflyktningar etter innspel frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Innanfor denne gruppa er det følgjande hovudkategoriar:

  • Lokalt tilsette ved ambassaden med familiar: 63
  • Personar knytte til Forsvaret med familiar: 513
  • Barn utan foreldre: 28
  • Menneskeretts- og sivilsamfunnsforkjemparar: 72

I den første og siste kategorien er det 46 personar til som ikkje har komme til Noreg. Dei er anten i Afghanistan eller i andre land.

Utover desse kategoriane vart det evakuert rundt 150 afghanarar som har ein familierelasjon til norske statsborgarar. I tillegg er det 30 afghanarar som hadde ulike opphaldsløyve frå før av, viser førebelse tal frå UDI.

I tillegg til dei 28 barna utan foreldre, inkluderer totaltala vel 400 barn i barnefamiliar.

235  personar blir i desse dagar teke imot av 30 kommunar over heile landet, skriv Imdi på nettsidene sine (eksternt nettsted).

Fant du det du lette etter?