Fersk rapport om kvifor ukrainske flyktningar dreg vidare frå Polen til Noreg


Publisert: 08.11.2022

Under frukostseminaret til UDI på Kulturhuset i Oslo tysdag 8. november, lanserte forskarane Guri Tyldum og Ida Kjeøy frå Fafo, "Assessing future migration among Ukrainian refugees in Poland and Norway".

Dette er ein rapport om ukrainske flyktningar og kva som formar vala deira om å enten bli i Polen, dra heim igjen eller reise vidare til Noreg eller andre land. Rapporten diskuterer også kva som gjer at dei flyktningane som forlet Ukraina no, ikkje har reist tidlegare.

I tillegg til forskarane bidrog også UDI-direktør Frode Forfang og einingsleiar Minda Elisabeth Musk på seminaret, der temaet også var dei mange moglege scenarioa framover når det gjeld flyktningsituasjonen både i Ukraina og i verda elles.

Du kan lese rapporten her: Assessing future migration among Ukrainian refugees in Poland and Norway | Faforeport 2022:23 (eksternt nettsted).

Du kan sjå opptak frå UDI-frokostseminaret her (eksternt nettsted).

Fant du det du lette etter?