Fleire flyktningar frå andre land


UDI tok imot fleire søknader om beskyttelse i juli i år enn same månad i fjor.

Publisert: 15.08.2023

Noreg har dei siste vekene motteke nesten halvparten av alle søknadene om mellombelse kollektivt beskyttelse i Norden (unnateke Island), og i tillegg er det 24 prosent auke i talet på asylsøkjarar som ikkje er frå Ukraina.

Flyktningstraumen er med andre ord framleis stor til Noreg. Det kjem no fleire søknader om beskyttelse berre i løpet av ein månad til landet enn det gjennomsnittleg gjorde i løpet av eit heilt år i perioden mellom i 2015 (Syria-krisa) og Ukraina-krigen (2022).

Sterk auke frå andre land

Og sjølv om det er færre ukrainarar som ha søkt beskyttelse dei første sju månadene i år samanlikna med krigsutbrot-året i fjor, så er det framleis høgt trykk av asylsøknader frå Ukraina. I løpet av årets første sju månadene kom det inn 19 112 søknader totalt. 17 065 var frå Ukraina. Berre i juli kom det inn 3 482 søknader derav 3 011 var ukrainarar. I juli i fjor kom det til samanlikning inn 2 668 søknader derav 2 388 var frå ukrainarar.

Det er også en klar økning av andre asylsøkere som ikke er fra Ukraina. Her er det en økning på nesten 24 prosent sammenlignet med de syv første månedene i 2022. Økningen er størst fra land som Tyrkia, Syria og Eritrea.

Ein av tre ukrainarar kjem via andre land

UDI har med grunnlag i prognosen for 2023 laga ein plan for å oppskalera den ordinære mottakskapasiteten og byggja ned akuttinnkvarteringane. I denne samanhengen er det gjennomført ei større anskaffing av ordinære mottaksplassar der størstedelen av dei 28 nye mottaka vil komma i drift i august.

Ein fersk UDI-analyse av innkomstbiletet til Noreg samanlikna med andre relevante land viser elles at rundt ein tredel av ukrainarar som søkjer beskyttelse i Noreg oppgir at dei har hatt opphald i eit anna land. Av dei som har oppgitt å ha eit løyve så opplyser 37 prosent at Polen er det landa dei har hatt løyve i.

Noreg er no det einaste landet i Europa som gir støtte til tilbakevending til Ukraina.

Sjå UDI-arrangement om asylkrisa direkte

Få med deg meir om temaet under UDIs eige arrangement under Arendalsveka i dag som blir live sendt frå klokka 14.30:

Asylkrisa er tilbake i Europa - Vil ho komma til Noreg? - Arendalsveka (eksternt nettsted)

Fant du det du lette etter?