Fordrivne frå Ukraina får forlengt opphaldsløyve i Noreg


Regjeringa fører vidare ordninga med midlertidig kollektiv beskyttelse for fordrivne frå Ukraina, og personar som allereie har løyve etter ordninga får denne automatisk forlengt i eitt år.

Publisert: 24.01.2023

Justis- og beredskapsdepartementet har i dag vedteke ei endring i utlendingsforskrifta som inneber at fordrivne frå Ukraina med midlertidig kollektiv beskyttelsse vil få forlengt løyva sine med eitt år frå utløpet av førstegongsløyvet.

– Situasjonen i Ukraina er framleis svært krevjande, og regjeringa vil gi personar med midlertidig kollektiv beskyttelse ei føreseielegheit knytt til vidare trygt opphald i Noreg, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). 

Regjeringa innførte 11. mars i fjor ei ordning med midlertidig kollektiv beskyttelse for fordrivne frå Ukraina. Ordninga inneber at dei som blir omfatta får opphaldsløyve etter ein forenkla prosedyre og utan ei individuell vurdering av vernebehovet. Løyva blir gitt med eitt års varigheit. Dei første løyva som vart gitt i medhald av ordninga går ut i mars 2023.

Dagens forskriftsendring gir rett til forlengt løyve i eitt år for dei som framleis fyller vilkåra for midlertidig kollektiv beskyttelse. Løyva vil ved utløp bli automatisk forlengde, og dei som blir omfatta treng ikkje å søkje om slik forlenging.

Utlendingsdirektoratet (UDI) og politiet vil fornye utgåtte opphaldskort, slik at lovleg opphald framleis kan dokumenterast.

Denne saka er henta frå regjeringen.no (eksternt nettsted)

Fant du det du lette etter?