Ikkje lenger stopp i returar til Etiopia


Situasjonen i Etiopia er ikkje lenger like uoversiktleg og usikker som den var tidlegare. Frå 1. mai opphevar derfor UNE og UDI returstoppen til Etiopia.

Publisert: 29.04.2022

Sjølv om den politiske og tryggingsmessige situasjonen i Etiopia no er meir stabil og oversiktleg, er det framleis uvisse rundt vidare utvikling. Det er også væpna konfliktar i landet. UDI følgjer nøye med på situasjonen i Etiopia, og vil gjere konkrete og individuelle vurderingar i kvar sak på bakgrunn av den noverande situasjonen i landet.

UDI bruker fleire kjelder i saksbehandlinga. Ei viktig kjelde for landskunnskap er rapportar frå Landinfo. Landsinfo er ei fagleg uavhengig eining som innhentar, vurderer og analyserer landsinformasjon. I Landinfo sin temanotat frå 8. april 2022 (eksternt nettsted) kan du lese om utviklinga i Etiopia sidan november 2021.

Det var i november 2021 at UNE og UDI stoppa returar til Etiopia.  

Du finn meir informasjon på UNE sine nettsider (eksternt nettsted).

Fant du det du lette etter?