Innreisekarantene i mottakssenteret


UDI gjer no tilpassingar i Nasjonalt mottakssenter for å kunne handtere smittevern og innreisekarantene dei to neste åra.

Publisert: 27.10.2021

Desse tilpassingane skjer i tett samarbeid med kommuneoverlegen i Råde, som nyleg sende UDI eit forvarsel om lokalt vedtak om nye og meir langvarige tiltak ved senteret. UDI har også jamlege møte med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, som gir viktige råd ettersom pandemien utviklar seg.
 
- UDI må planleggje for å ha innreisekarantene i eigna bueiningar i inntil to år framover, basert på dei helsefaglege råda vi har fått, seier seksjonsleiar Vivian Ellingsen Gotaas i UDI. - For UDI er det viktig at innreisekarantene kan gjennomførast ved mottakssenteret, så langt det er mogleg. På den måten kan vi leggje til rette for at UDI og andre aktørar kan utføre oppgåvene sine i mottakssenteret mest mogleg likt som i ein normalsituasjon.
 
I ein situasjon der resten av samfunnet har opna opp, står nykomne asylsøkjarar igjen som ei gruppe som er spesielt sårbar for smitte. Det er framleis ikkje vanleg at asylsøkjarar kan dokumentere å ha teke koronavaksine, eller å ha gått gjennom Covid-19. Det betyr at det er viktig å halde fram arbeidet med smittevern både for å førebyggje importsmitte, og for å verne asylsøkjarane som bur i senteret.
 
Mottakssenteret har berre hatt fem avgrensa smittetilfelle fram til hausten 2021. I slutten av september endra dette seg, og mottakssenteret opplevde det verste smitteutbrotet sitt så langt, der totalt 33 asylsøkjarar vart smitta.
 
Det mest synlege tiltaket som blir no gjennomført, er at det blir etablert ein mellombels brakkerigg for avvikling av innreisekarantene. I desse brakkane vil asylsøkjarar tilbydast ein eigna bustad som bidreg til at søkjarane kan unngå nærkontakt med andre utover sin eigen familie.
 
UDI ser også på andre beredskapsløysingar for å handtere uventa situasjonar.

Fant du det du lette etter?