Mellombels kollektiv beskyttelse til ukrainarar


Fredag vart det vedteke i statsråd at vi skal gi mellombels kollektiv beskyttelse til ukrainske borgarar. For ukrainarar som har komme til Noreg, betyr dette at søknaden deira vil bli behandla raskare.

Publisert: 11.03.2022

Avgjerda om å gi mellombels kollektiv beskyttelse inneber at det er gjort ei vurdering av at ukrainarar som har flykta frå krigen, har behov for vern. Dermed treng ikkje søknadene å behandlast individuelt. Det same gjeld personar som har fått beskyttelse i Ukraina, og nære familiemedlemmer med eit anna statsborgarskap. EU vedtok å gi mellombels kollektiv beskyttelse tidlegare i månaden.

Ordninga med mellombels kollektiv beskyttelse er brukt to gonger tidlegare. Første gong i samband med konfliktane i Bosnia, og seinare under krigen i Kosovo

For ukrainske asylsøkjarar betyr dette at dei slepper ei tidkrevjande individuell behandling. Dermed går det raskare å få søknaden behandla, og det vil ta kortare tid frå dei kjem og til dei kan busetjast i ein norsk kommune. UDI må likevel fastslå identiteten før vi kan gi eit opphaldsløyve.

Ukrainarar som kjem til Noreg no, kan i første omgang få beskyttelse i eit år. Løyvet dannar ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve, men kan forlengjast i inntil tre år. Etter tre år kan dei få eit nytt mellombels løyve som dannar grunnlag for eit permanent opphaldsløyve. Løyvet gir rettar til helse, arbeid og skule.

Fant du det du lette etter?