Oppdaterte tal evakuerte afghanarer


Etter evakueringa i august frå flyplassen i Kabul har det komme ytterlegare afghanarar via andre land til Noreg.

Publisert: 02.11.2021

793 afghanarar har fått status som overføringsflyktningar etter innspel frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Innanfor denne gruppa er det følgjande underkategoriar (inkludert familiemedlemmer):
  1. Lokalt tilsette ved ambassaden: 69
  2. Personar knytte til Forsvaret: 521
  3. Barn utan kjende foreldre på flyplassen: 25
  4. Menneskeretts- og sivilsamfunnsforkjemparar: 98
  5. Nato-tilsette: 80
I den første og fjerde kategorien er det i tillegg nokre personar som ikkje har komme til Noreg.
 
Kategorien barn utan foreldre var opphavleg på 28 personar, men etter gjenforeiningar har nokon vorte tekne vekk og nokon lagt til denne kategorien.
 
Utover desse fem kategoriane vart det evakuert i overkant av 200 afghanarar som har ein familierelasjon til norske statsborgarar.
 
Halvparten av dei evakuerte var barn, godt og vel 500

Fant du det du lette etter?