Reknar med 40 000 også i 2023


Utlendingsdirektoratet (UDI) har no justert opp planleggingsprognosen for kor mange flyktningar ein trur kjem til Noreg frå Ukraina neste år, frå 30 000 til 40 000.

Publisert: 08.11.2022

Hovudgrunnen til auken er eskaleringane ein no ser frå russisk side med øydelegging av viktig sivil infrastruktur i store delar av Ukraina.

Anslaga omfattar ukrainske borgarar og andre som blir omfatta av kollektiv beskyttelse. Det er gjort ei samla vurdering av kor mange som kjem uavhengig av om dei er overførte frå andre land med styresmaktshjelp eller reist til Noreg på eiga hand.

Det er ikkje gjort endringar i scenarioa for 2022 for innkomstar frå førre rapportering med unntak av ei justering av det låge scenarioet opp frå 32 000 til 33 000. Og så har vi altså justert planleggingstalet for 2023 frå 30 000 til 40 000. Dei to lågaste scenarioa er justerte opp, mens det høge scenarioet ikkje er justert.

Innkomstar, flyktningar frå Ukraina i 2022

  • Lågt scenario: 33 000 – 35 000
  • Mellomscenario: 40 000 – 60 000
  • Høgt scenario: 80 000 – 100 000
  • Planleggingstal: 40 000

Innkomstar, flyktningar frå Ukraina i 2023

  • Lågt scenario: 10 000 – 20 000
  • Mellomscenario: 30 000 – 50 000
  • Høgt scenario: 80 000 – 120 000
  • Planleggingstal: 40.000

Vurdering av dagens situasjon

UDI si vurdering er at vi ligg nærast skildringa i mellomscenarioet i både 2022 og 2023. Ukrainske styrkar er på offensiven, men den vidare utviklinga er svært usikker. Vi antek det er svært sannsynleg at konflikten vil halde fram utover i 2023. Auke av angrep på sivil infrastruktur i store delar av Ukraina fører til at den humanitære sitasjonen og tryggleiken er meir krevjande også i område som ikkje er direkte ramma av krigshandlingar på bakken.

Den humanitære situasjonen er vanskeleg i delar av Ukraina med store skadar på bustader, sivil infrastruktur, straum- og vassforsyning, og dessutan problem med tilgang på medisinar. Arbeidslivet er hardt ramma, og det er mange med låg inntekt. Dette vil truleg bli ytterlegare forsterka når vinteren set inn.

Nivået på talet på nye søknader om bsekyttelse i Noreg er framleis forholdsvis stabilt. Dei siste vekene har det i snitt vore litt under 100 personar som søkjer om vern kvar dag.

Vi har lite informasjon om dei som no kjem, kjem direkte frå Ukraina eller om dei har opphalde seg ein periode i andre europeiske land før dei har reist vidare. Vi antek likevel at ein del av dei som no søkjar i Noreg har reist vidare etter lengre opphald i nærområda til Ukraina. Andelen som vel Noreg, vil truleg vere høgare framover enn i starten av krigen.

Mengda som har komme på myndigheitsassisterte overføringar har så langt vore lågt. Per 7. november har det komme 306 personar, 191 via Medevac og 114 er overførte frå Moldova. UDI forventar at mengda som vil komme via myndigheitsassisterte overføringar i 2022 truleg vil bli i underkant av 400 totalt.

* Utlendingsdirektoratet (UDI) har regelmessig i 2022 utarbeidd scenario som beskriv innkomst av flyktningar frå Ukraina. Dette arbeidet skjer i samarbeid med Politiets utlendingsenhet, Landinfo, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Forsvarsdepartementet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

I tillegg blir det utarbeidd avleidde scenario over behov for mellom anna mottaksplassar og busetjing. Formålet med å utarbeide scenarioa er å skape eit felles situasjonsbilde for alle som er involverte i handteringa av Ukraina-krisa. Scenarioa er baserte på offentleg tilgjengeleg informasjon om krigen, situasjonen i Ukraina og situasjonen i andre europeiske land. Denne vurderinga blei gjord ut frå situasjonen og tilgjengeleg informasjon 4. november 2022.

Les meir om dei ulike scenarioa og den siste rapporten her. (pdf, 250 kB)

Fant du det du lette etter?