Skjerming av Nasjonalt mottakssenter og andre nyoppretta akuttmottak


UDI er no i ein beredskapssituasjon og UDI sentralt har sett krisestab som følgje av situasjonen i Ukraina og mogleg stor flyktningstraum.

Publisert: 02.03.2022 - Sist endret: 24.03.2022

I samråd med samarbeidspartnarane våre, reknar UDI det nødvendig å skjerme aktørane og kjernefunksjonen på dei nyoppretta akuttmottaka og Nasjonalt mottakssenteret frå eksterne aktivitetar.

  • Eksterne besøk/synfaringar til mottakssenteret må utsetjast inntil vidare, med mindre det er snakk om aktivitetar og besøk som er viktige for kjerneoppgåvene på mottakssenteret.
  • Førespurnader om innkomstane skal rettast til UDI sentralt.
  • Registrerte innreisetal blir oppdatert dagleg på udi.no.

Fant du det du lette etter?