Sterk auke i innreisetal


Berre i løpet av den siste veka blei det registrert 1084 asylsøknader frå ukrainske borgarar. I tillegg er det ein del som endå ikkje er registrert. På Nasjonalt ankomstsenter på Råde er det no så høgt belegg at det må gjennomførast ein del ekstratiltak.

Publisert: 31.08.2023

- Vi har dei siste dagane vore på eit høgare nivå av innkomstar frå Ukraina enn tidlegare med eit gjennomsnitt på over 150 om dagen. Vi har derfor sett i verk ein del ekstra tiltak på grunn av dette. Så vil tida vise om dette er ein forbigåande tendens eller om det vil halde seg stabilt på eit så høgt nivå, opplyser UDI-direktør Frode Forfang.

Totalt, inkludert også andre asylsøkjarar, så ligg snittet den siste veka på 174 registrerte innkomstar om dagen. Dette er det høgaste snittet sidan 23. april 2022. Det dreier seg primært om ukrainarar, men det er også ein liten auke i andre asylsøkjarar.

Oppdaterte tal frå 31. august viser at det så langt har komme 56 707 ukrainske flyktningar til Noreg, over 20 000 så langt i år. I tillegg har det dei siste dagane også komme ein del ukrainarar som ein endå ikkje har rokke å registrere.

Vurdere ekstra mottaksplassar

Når det gjeld belegg i UDIs mottak så var prognosane for månadsskifte august/september på rundt 10 000 bebuarar, mens det no ligg på over 12 000. No vurderer UDI å auke mottakskapasiteten og få på plass fleire venteinnkvarteringar. Dersom innkomstane held fram i same tempo, er det også aktuelt å utløyse beredskapsplassar.

På Nasjonalt ankomstsenter på Råde er belegget også høgt. Natt til tysdag var det 817 som overnatta på mottaket, mens kapasiteten er på 850. I tillegg er det forholdsvis fullt på dei ekstra venteinnkvarteringane der mange oppheld seg før dei blir registrerte. Det blir derfor sett inn ein del ekstraordinære tiltak for å avhjelpe på situasjonen, og mellom anna vil dei ulike samarbeidsaktørane på Råde no auke bemanninga.

For ytterligere statistikk:

Fant du det du lette etter?