UDI-mottak ramma av ekstremværet


Også brukarane av UDI sine tenester har blitt ramma av ekstremvêret «Hans» dei siste dagane, nærare bestemt bebuarane ved tre av mottaka våre. Aller mest har det gått utover Sel mottak i Gudbrandsdalen, som var utan vegsamband i tre dagar.

Publisert: 11.08.2023

Sel kommune er ein av kommunane i Noreg som har blitt hardast ramma av ekstremvêret. Det har vore fleire ras og ei rekkje vegar har blitt stengde – blant dei vegane til Sel mottak på Mysusæter, like ved Otta, der 191 bebuarar (34 barn), var utan vegsamband i tre dagar.

Sel-bebuarar blir følgde tett opp

Bebuarane har blitt følgde tett opp i heile perioden mottaket har vore avstengt, og det er sett inn ei rekkje tiltak på mottaket som no er døgnkontinuerleg bemanna. Regionkontor Indre Østland i UDI har heile tida hatt ein god dialog og samarbeid med mottakstilsette, driftsoperatør og ikkje minst Sel kommune som også har ein eigen beredskapsplan ved eventuell brann og viss det er fare for liv og helse på mottaket.

Det er no opna ei alternativ køyrerute til Mysusæter, og dei mottakstilsette hjelper bebuarane med forsyningar og vil vere til stades gjennom heile helga.

Vang og Kongshaugen

Andre mottak som blei ramma, er Vang mottak i Valdres og Kongshaugen mottak for einslege mindreårige i Hol kommune. I Vang måtte 22 bebuarar evakuerast på grunn av store mengder vatn og jord som ramma delar av mottaket, mens det var eit ras som førte til at Kongshaugen mottak ein periode var avstengd frå områda rundt.

Fant du det du lette etter?