Forlengd stopp i returar til Gaza
Utlendingsnemnda (UNE) og Utlendingsdirektoratet (UDI) har avgjort å midlertidig suspendere utreiseplikta for personar med endeleg vedtak som inneber retur til Gaza.
UNE besluttet 9. september 2024 å forlenge den midlertidige suspensjonen Inntil vidare varer den midlertidige suspensjonen frem til 18. mars 2025.
Plikta til å returnere til Gaza etter endeleg avslag ble midlertidig suspendert i oktober 2023.
Bakgrunnen er den pågåande krigen mellom Israel og Hamas, forverringa av sikkerhetssituasjonen og den humanitære situasjonen i Gaza. Vestbredden er ikkje omfatta av suspensjonen.
Kven omfattast av suspensjonen?
Suspensjonen av utreiseplikta inneber at dei som tidlegere har fått endelig vedtak som inneber ein retur til Gaza, inntil vidare ikkje pliktar å rette seg etter utreiseplikta som følger av vedtaket. Avgjerda gjeld både tidligare asylsøkarar og personar med utreiseplikt etter avslag på søknad om opphald etter andre delar av regelverket.
UNE utset ikkje saker som er omfatta av suspensjonen, og fortsett å behandle saker på vanleg måte.
Dublin-saker ikke omfatta
Personar med saker omfatta av Dublin III-konvensjonen eller første asyllandregelen er ikkje omfatta av suspensjonen. Dei skal framleis returnere til det første europeiske landet dei søkte beskyttelse i, som skal behandle saka og vurdere om dei treng beskyttelse.
Politiet er underretta
UNE har ikkje oversikt over det totale antalet borgarar frå Gaza som oppheld seg i Norge uten lovleg opphald. UNE har per september 2024 rundt 10 saker til behandling som kan innebere vurdering av retur til Gaza.
Politiets utlendingseining (PU) har fått beskjed om at ingen personar som omfattast av suspensjonen skal returnerast til Gaza nå.
Les UNEs orientering (eksternt nettsted).
Les instruks frå UDI politiet om returar til Gaza her (eksternt nettsted).