Asylmottak Kvardagen i eit asylmottak
-
Norskopplæring og skulegang
Vaksne asylsøkjarar har krav på norskopplæring, og målet er at dei skal lære seg nok norsk til å klare seg mest mogleg på eiga hand. Barn og unge som sannsynlegvis vil bli verande i mottaket i meir enn tre månader, har rett og plikt til grunnskuleopplæring.
Ungdommar mellom 16 og 18 år har rett til undervisning i norsk og samfunnsfag og kan også ha rett til undervisning i grunnskulefag.
-
Arbeid og yrkeskompetanse
Bebuarar som har dokumentert identiteten sin, kan søkje om rett til arbeidsløyve for asylsøkjarar og har dermed høve til å jobbe. Nokon får også yrkeskompetanse på denne måten.
-
Informasjonsprogram
Alle som bur i mottak skal igjennom eit informasjonsprogram om det norske samfunnet og verdiane det byggjer på.
Informasjonsprogrammet tek for seg
- asylprosessen
- livet i mottaket
- lokalmiljøet
- helse
- konfliktførebygging
- lover og lovbrot
- busetjing i ein kommune (eksternt nettsted)
- retur til heimlandet (eksternt nettsted)
-
Fritidsaktivitetar og frivillig innsats
Alle mottaka tilbyr ulike fritidsaktivitetar, og bebuarane organiserer også fleire aktivitetar sjølv. Mange av bebuarane deltek også i frivillig arbeid i mottaket.
Asylmottaka samarbeider ofte med det lokale idrettslaget, og andre lokale lag og foreiningar. Det er mange av bebuarane som vel å delta i aktivitetar for barn, for eksempel leksehjelp. Då får barna hjelp med skulen og dei frivillige får vere med i eit sosialt nettverk.