Asylmottak Når det skal opprettast eit mottak i nærmiljøet
Positive erfaringar
Vår erfaring gjennom 25 år med mottaksdrift er at dei vellykka historiene er langt fleire enn dei negative. Kommunane melder at å få eit mottak i lokalmiljøet sitt fører til auka handel, skaper nye arbeidsplassar, held innbyggartalet oppe, og det blir oppretta fleire lag og foreiningar. I forskingsrapporten «Asylmottak og lokalsamfunn» frå 2010 kan du lese korleis asylmottak og kommunar opplever forholdet og samarbeidde seg i mellom.
Asylmottaka er spreidde i heile landet, og ligg i både små og store kommunar. Uavhengig av kvar dei ligg, ser vi at eventuelle motførestillingar før skipinga av asylmottaket ofte forsvinn etter etableringa, og at mottaket finn sin naturlege plass i lokalmiljøet.
Informasjonsmøte
Viss kommunen din ønskjer det, deltek vi gjerne på eit informasjonsmøte, slik at naboar og andre interesserte kan stille oss spørsmål og få nyttig informasjon frå oss.
Viktig med godt samarbeid
For at mottaket skal fungere best mogleg, er det viktig med eit godt samarbeid mellom mottaket og lokalsamfunnet. UDI stiller derfor krav til kontakten til mottaka med, og informasjon til, nærmiljøet
Alle mottak skal ha ein informasjonsansvarleg som fungerer som kontaktperson mellom mottaket og lokalsamfunnet. I tillegg blir det ofte oppretta eit kontaktforum kvar representantar frå mottaket, kommunen og naboar møtest for å snakke om ting som dukkar opp, og for å løyse eventuelle problem på ein formålstenleg måte for alle partar.
Frivillig arbeid og lokale idrettslag
Bebuarane i mottaka får aktivitetstilbod der, men mange stader engasjerer dei seg også i aktivitetar utanfor mottaket. Fotball er til dømes ein populær aktivitet blant unge bebuarar, og Norges Fotballforbund har engasjert seg i integrering av asylsøkjarar. Andre bebuarar bruker fritida si i organisasjonar som Redd Barna og Røde Kors