Ny metode for aldersvurdering av unge asylsøkjarar


Oslo universitetssykehus (OUS) har presentert eit nytt verktøy UDI kan bruke i arbeidet med å fastsetje alderen til unge asylsøkjarar.

Published: 21.06.2017

- Vi er glad for at metoden vi bruker ved aldersvurdering no er forbetra. UDI tok initiativet til utviklinga av dette verktøyet, og arbeidet er finansiert av oss, seier avdelingsdirektør Hanne Jendal i UDI.

Avdeling for rettsmedisinske fag ved Oslo universitetssykehus har overteke det nasjonale ansvaret for aldersestimering av einslege mindreårige asylsøkjarar (eksternt nettsted).

Ei ekstern referansegruppe har komme med innspel og tilbakemeldingar undervegs i arbeidet med å utvikle den nye metoden. Denne gruppa består mellom anna av Redd Barna, Senter for medisinsk etikk (UiO), Norsk Barnelegeforening og NOAS.

- Alle landa i Norden bruker aldersundersøkingar, og vi treng dette verktøyet for å fastsetje alder, ikkje minst av omsyn til asylsøkjarane sjølv, så barn blir vurderte som barn, og vaksne ikkje hamnar i mottak med mindreårige. Den nye metoden er ikkje 100 prosent sikker, men han er per i dag det mest vitskaplege og objektive verktøyet vi har, seier Jendal.

Den nye metoden er ei mellombels løysing. OUS håpar at såkalla DNA-metylering vil overta i aldersvurderingane om nokre år. Her står det att ein del forsking, men metoden – viss han fungerer slik OUS ønskjer - vil vere sikrare enn dagens håndrot- og tannundersøkingar.

 

Skjermbilde av verktøy for aldersvurdering fra Oslo universitetssykehus

Verktøyet som skal brukast til aldersvurdering heter BioAlder.

Did you find what you were looking for?